FASE 3: Forprosjektering
Ein vil kunne vidareutvikle eit skisseprosjekt til eit forprosjekt.
Eit forprosjekt er ein kvalitetssikra, tredimensjonal modell av skisseprosjektet. Forprosjektet dannar teikningsgrunnlaget som ligg til botn når ein skal søke kommunen om å få bygge, for deretter å realisere prosjektet av eit bygningsfirma. På dette stadiet vil det vere nødvendig å avklare kven som skal ta på seg rolla som ansvarleg søkjar og ansvarleg prosjekterande for arkitektur. Ein 3d-modell av bygget på terrenget er ei konkret og visuell framstilling av korleis bygget kjem til å sjå ut utanpå og inni, som gjer dykk tryggare i vala de har teke. Det vil vere mogleg å gjere endringar på modellen saman med arkitekten, slik at de kan sjå konsekvensane av desse endringane med ein gong. Modellen vil kunne nyttast både til studie av interiørmessige forhold, og av eksteriørmessige og terrengmessige forhold (hage m.m.). Det vil også vere mogleg å sjå korleis sol- og skuggeforhold endrar seg gjennom året. Denne fasen omfattar fylgjande prosedyrer: • Innhenting av nødvendig grunnlagsinformasjon som digitalt kart, målebrev, reguleringsplan , m.m. (der desse må kjøpast eksternt blir det belasta kunden) • Oppmåling av evt. eksisterande bygg som skal inngå i prosjektet • Oppmåling av terreng-høgder • Tilpassing av eksisterande terreng til ny terrengmessig utforming rundt prosjektet • Modellering av eit evt. eksisterande bygg som skal inngå i prosjektet • 1 stk. avklarande møte om detaljar med byggherre • Modellering av nybygg • Generering av PDF-teikningar Du får desse PDF-teikningane: • Situasjonsplan (målestokk 1:500) • Etasjeplanar med romtekst/-areal (målestokk 1:100) • 4 fasader (målestokk 1:100) • Terrengsnitt (målestokk 1:200) • 2 snitt (målestokk 1:100) • 2 perspektiv/aksonometriar i fargar (skjermbileter av modell) Ikkje inkluderte tilleggsytingar som kan bestillast separat: • Ute- og innemiljøelement utover standardmøblar og enkle tre/busker. • Evt. møter med kommuna eller andre instansar. • Søknadsarbeid er ei eiga fase. • Fotorealistiske presentasjonar med folk og detaljar. |