FASE 4: Søknadsarbeid
Kommunen vil ha kontakt med ein ansvarlig søkjar gjennom byggeprosessen. Dette kan vere eit arkitektkontor, ingeniørkontor eller ein privatperson med dokumentert kompetanse.
Den ansvarlege søkaren kjem gjerne inn i bildet i samband med ein eventuell førehandskonferanse, men det er særleg etter å ha fullført forprosjekts-fasen at denne rolla blir aktuell. Dei har då eit prosjekt som skal nabovarslast, byggemeldast, igongsetjast og byggast. For å få realisert eit prosjekt må søknadar handsamast og godkjennast av dei nødvendige offentlege etatar og organ. Det er mange søknader som skal fyllast ut korrekt og innsendast til rett tid. Det krev ein offisiell ansvarlig søkar. Korleis kan du få nytte av at Bucci står som ansvarleg søkjar? Vi kjenner prosjektet, lovmessige krav samt reguleringsmessige og politiske forhold knytt inn mot ei byggesak. Det gir ein raskare og sikrare prosess frå nabovarsel til godkjenning av ferdig bygg. Vi nyt godt av kjennskap til tilpassa programvarer til formålet og har erfaring frå gjennomføring av 100-vis av prosjekt. Vi er også normalt prosjekterande for arkitekturen og dermed interesserte i og motiverte for at idear og kvalitetar, i så stor grad som råd, let seg realisere gjennom den formelle hinderløypa. Søknadsarbeidet er samansett av ein forutsigbar og rutineprega del og ein meir uforutsigbar del. Vi kan tilby å ta den rutinemessige, forutsigbare delen av søkejobben på fastpris, medan vi kan ta den uforutsigbare delen på timebasis. Forutsigbar del omfattar: • Komplettering av teiknegrunnlag. Dette gjeld mellom anna utrekning av ulike typer areal (BYA, BRA), nedteikning av avstandar og supplerande tekst på situasjonsplan og snitt/fasader. • Utfylling av komplett søknad. Inkluderer innhenta relevante opplysningar i forhold til vatn, avløp, sikkerheit, prosjektomtale, reguleringsmessige forhold, naboliste, gjennomføringsplan, m.m. • Utsending av nabovarsel. Informasjon som må innhentast eksternt vil bli gjort for byggherre si regning, det same blir rekommandert utsending. • Innsending av komplett søknad. Inkluderer evt. merknadar frå naboar og offentlege etatar samt vår kommentar til desse • Søknad om uavhengig kontroll. Vi kan formidle kontakt med aktuelt firma på dette på byggherren si regning. • Innsending av 1 stk igongsetjingssøknad. Dette forutset at gravar, rørleggjar, snekkar (evt. betongfirma) er på plass. Om ein ynskjer å splitte denne søknaden og starte arbeida opp i tur og orden ettersom ein greier å skaffe aktuelle aktørar, blir etterføljande søknadar fakturerte etter timeforbruk. • Innsending av søknad om ferdigattest. Om ein ynskjer å tjuvstarte bruken av huset før det er klart for søknad om ferdigattest vil ein søknad om midlertidig bruksrett bli fakturert etter timeforbruk. Den uforutsigbare delen av søknadsarbeidet omfattar: • Dispensasjonar. Om prosjektet er avhengig av ein eller fleire søknadar om dispensasjon med tilhøyrande politiske prosessar på kommunalt, fylkes- og evt. Departementsnivå, vil slikt arbeid vere timebasert. Det omfattar både utforminga av dispensasjonssøknad, deltaking på møter og befaringar i regi av teknisk utval o.l. samt tilsvar på evt. brev og klager. • Endringsmeldingar. Revisjonar og endringar som gjer at ein må søke på nytt ved endringsmelding, blir automatisk fakturert etter timeforbruk. |